Bakteppet
Krigsdebatt - Krigens vondskap

Krigsdebatt - Krigens vondskap

Bakteppet

40:52

About this episode

Ein debatt om krigens vondskap. I panelet: Hans Fredrik Dahl og Arne Johan Vetlesen. Opptaket er gjort under den åtte timar lange framsyninga Andre verdskrigen - natt i verda der det er ein debattdel mitdvegs. Paneldeltakarar og tema er ulike frå gong til gong.«Jeg er uskyldig» var dei siste orda Vidkun Quisling sa før han blir avretta 24. oktober 1945. Partiføraren i Nasjonal Samling var viss på at han ville dø martyrdøden – som eit offer i ei høgare politisk-religiøs saks teneste. Om ein handlar i god tru, kan det da vere vondskap? Og er det riktig å tilgje menneske som gjer forferdelege gjerningar?Hans Fredrik Dahl er historikar og professor ved Universitetet i Oslo. Han har brei kjennskap til andre verdskrigen, og har skrive biografien om Quisling. I tillegg har han skrive om den norske nasjonalsosialismen, og boka Norsk krigsleksikon.Arne Johan Vetlesen er filosof og professor ved Universitetet i Oslo. Han har mellom anna gitt ut boka Studier av ondskap der han tek for seg omgrepet vondskap med utgangspunkt i terroristen Anders Behring Breivik.Samtaleleiar: Eirik Veum, journalist tilsett i NRK. Han har skrive bokserien Nådeløse nordmenn, om Statspolitiet, Hirden og Gestapo, på Kagge forlag.Les meir om framsyninga Andre verdskrigen - natt i verda her: http://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/andre-verdskrigen-natt-verda/

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

More from Bakteppet

Kven var Olav Duun – og kvifor er han framleis ein av dei viktigaste forfattarane i norsk litteratur? I denne episoden av Bakteppet ser vi nærare på livet og forfattarskapen til Olav Duun, ei av dei s…

12m

Medmenneske er ein roman av Olav Duun, lesen av Magne Olav Brevik. Lydboka er produsert av Aschehoug, og blir publisert i samarbeid med Det Norske Teatret. Lydboka er tilgjengeleg i ein avgrensa perio…

3h 20m

Medmenneske er ein roman av Olav Duun, lesen av Magne Olav Brevik. Lydboka er produsert av Aschehoug, og blir publisert i samarbeid med Det Norske Teatret. Lydboka er tilgjengeleg i ein avgrensa perio…

4h 18m

Denne våren har ein heilt ny skodespelar hovudrolla på Det Norske Teatret. Ein skodespelar/medkreatør utvikla i eit samarbeid mellom ETC, NetNordic og Det Norske Teatret. Korleis påverkar det ein teat…

14m

Kva er greia med video i teateret? Kvifor har Kjersti Horn, saman med videoregissør Mads Sjøgård Pettersen, brukt dette grepet i framsyningar som Raskolnikov, Kristin Lavransdotter, Einkvan og no Hedd…

13m