
#42 - Friminutt
About this episode
Foreldri til Jostein er borte, så ungane steller heime åleine, medan Mariell og Jostein spelar inn podkast. Kan dette gå bra? Sjølvfylgjeleg ikkje! Men innimellom avbroti får me diskutert ungars oppfatning av tid, kjendisdødsfall og tanken på å reise nokon stad igjen. Me prøvde òg å snakke oss gjennom dei siste tre bøkene Mariell har lese, nemleg «A Year of Magical Thinking» av Joan Didion, «Malibu Rising» av Taylor Jenkins Reid og... kva var den siste? Nei, så langt kom me aldri!
Ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016).
More from Audeland
Hei! Mariell og Jostein kjem med ei livsoppdatering, Mariell fortel om den nye kunstboki si, og Jostein prøver å finne ut kvifor han frika ut etter at me diskuterte politikk i går kveld! For ekstra-in…
Hei, hei! Mariell får heile historia om korleis det gjekk til då Jostein gjorde sitt hittil _fyrste_ smykkekjøp (til henne, altså) i vårt 20 år lange samliv. Dessutan, visste de at Jostein har ein ten…
Godt nyttår! Jostein si mentale helse er no komen dit at det er på tide å podcaste litt att. Me snakkar om januar-bluesen hjå frilansarane, Italia-turen vår og somehow mannleg sinne. For ekstra-innhal…
Me er attende, det er sommar og faunaen lét seg freiste til å bli med på podkastinnspeling med Mariell og Jostein. Jostein meiner at Rapunzel – i fyrste del av Disney-filmen – lever eit meir eller min…
Me veit kor ofte menn tenkjer på Romarriket, men kor ofte tenkjer [gruppe xyz] på menneskeætti si rolle i universet? Og kva er det som ligg bak alt saman? I couldn’t help but wonder: Can you get to a…